Heim

Engasjement for gjenbruk, miljø og bærekraft

Abonnement på klesbytte

Som klesabonnent på Upscale, kan du rett og slett bytte så mykje klede som du vil – for heile familien.
Uteklede, kvardagsklede, festklede, treningsklede, sko, støvlar og alt inn i mellom.

Lær deg å sy!

Det har aldri vore meir aktuelt å lære seg å sy! Det er miljøvenleg, godt for lommeboka, og det er utruleg kjekt. På Upscale kan både vaksne og born vere med på workshoppar for å bli flinkare med symaskina.

Kampen for gjenbruk

Å drive gjenbruksbutikk i Noreg, er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Eit gamaldags lovverk legg mange hinder i vegen for dei som ønskjer å starte opp grøne alternativ. Eg har tatt opp kampen, og kjempar no på fleire frontar, og håpar å bidra til at brukthandelslova får ein snarleg, grøn revolusjon.